BYGDEHØBB
Digital oppslagstavle for bygdefolk og besøkande i Oppstryn
KALENDER
NYHENDE
Lokale mjølkebønder har vore på samling på Lillestrøm, og der tok dei imot heider og ære. Seks mjølkebønder/mjølkebruk tok imot Mjølkespannet for 25 samanhengande år, eller 9.100 dagar med elitemjølk. Blant desse var Johan Berge og Torstein Berge frå Oppstryn.
“Jakob” sende store vassmengder til Oppstryn natt til 1. november, og det førte til store øydeleggingar ved Fosdøla og stengd veg ved Nesje.
Å tenkje stort og stå på over tid. Dette er noko av det som har ført til at Joker Hjelledalen er kåra til Årets Merkur-butikk i region Sogn og Fjordane og Sunnmøre.
Frå 23. juni er Strynevassdraget stengt for laksefiske på grunn av rapportar om lite laks..
«På tur i Oppstryn» er eit omfattande stiprosjekt som kan bety over 100 kilometer med nymerka sti i løpet av dei næraste tre åra.
17. mai vart Bygdeprisen delt ut av Oppstryn Bygdeutviklingslag, og årets pris vart tildelt Marie Johanne Folven og Bjarne Greidung.
Fjordane Friluftsråd to friluftsskular i Stryn denne sommaren. Friluftsskulane er for born og unge i alderen 9-13 år og passar for alle, uavhengig av tidlegare erfaring med friluftsliv.
Indre Nordfjord Turlag og Oppstryn Bygdeutviklingslag har no gått saman om eit prosjekt for å tilrettelegge turstiane i Oppstryn.
Stryn kommune inviterer til vårryddeaksjon i perioden 22-28. april. Bli med og bidra til å halde bygda fri for søppel!
Då Gunnar Harstad frå Oppstryn skulle hente sitt 25. merke etter Birkebeinerrennet søndag, fekk han vite at det også var noko anna han skulle få med seg.
Onsdag 6. mars arrangerte Oppstryn Bygdekvinnelag potetkakebaking for alle elevane på Oppstryn skule.
Små og store kosa seg både i langrennsløypene og alpinbakken når Fossekallen 4H hadde skidag på Grotli.
På OBUL sitt årsmøte vart det leiarskifte. Frank Guddal tek over stafettpinnen som leiar etter Ingvild Berge som har vore leiar i to år. Avtroppande leiar hadde ein liten prat med Frank om kva forventningar han har til den nye rolla.
Oppstryn Bygdeutviklingslag ynskjer å blåse liv i tradisjonen med bygdepris. Kjenner du nokon som gjer ein ekstra innsats for bygda og oss som bur her?
No er den første sjølvbetjente butikken i Stryn opna. Buda, Joker Hjelledalen feira med kaffi, saft og kake til alle frammøtte.
Oppstryn har no fått ei felles nettside, der nyttig informasjon om arrangement, organisasjonar, bedrifter m.m. vert samla.
Eit gamalt tre i Erdal måler 7,8 meter i omkrins. – Det kan vere det største treet i Stryn, eller i fylket, seier grunneigaren.
Ekteparet har investert stort i robotfjøsen som vert det første i Hjelledalen. – Nokre seier det er galskap, men dette har vi trua på, seier paret som stolar på yrkesvalet sitt.
Sparebanken Vest feira frivillig innsats med å dele ut totalt ein million kroner fordelt på 11 lokale prosjekt i Stryn kommune. Terrengsykkelprosjektet i Oppstryn fekk tildelt 100.000 til vidareutvikling av Napen.