Oppstryn har fått eigen bygdehøbb

Oppstryn har no fått ei felles nettside, der organisasjonar, bedrifter og diverse nyttig informasjon vert samla.

Kalenderen skal vise alt av arrangement i bygda, slik at det blir enkelt å finne ut kva som skjer av sosiale ting, samt at det blir enklare for lag og organisasjonar å planlegge med hensyn til andre arrangement.

Det skal også bli enklare å orientere seg for gjestar i byga, med oversikt over overnattingsplassar, attraksjonar, aktivitetar og serveringsstadar.

Under nyhende-fana legg vi ut nyhende om det som skjer i bygda, så tips gjerne med tekst og bilete.

Nettsida vil vere under kontinuerleg utvikling, og vi håpar bygdefolket vil bidra med stoff og input slik at det blir ei levande oppslagstavle til glede og nytte.

Forrige
Forrige

- Tanken var at bygdefolk skulle bli kjende med ukrainarane som bur i bygda

Neste
Neste

Nokon større?