Kalender for Oppstryn

Med forbehold om endringar. Manglar eit arrangement? Tips oss på denne sida.

17. mai feiring
mai
17.

17. mai feiring

Program kjem.

Serveringstilbod 17. mai i Oppstryn

Hjelle Hotell

Informasjon kjem

Matstova

Informasjon kjem

Videseter Hotel

Nyt et deilig klassisk koldtbord i restauranten med vår flotte utsikt fra 12:00-15:00, det vil også bli arrangert diverse lek og morro for både små og store utendørs gjennom dagen.

Priser for 17. mai-buffet 2025:
Voksen: 520kr
Barn 4-12 år: 220kr
Barn under 4 år: Gratis

Bordbestilling: post@videseter.com

Vis arrangement →
Strynefestivalen
juni
12.
til 15. juni

Strynefestivalen

I juni samlast ski- og brettkøyrarar, syklistar, klatrarar, padlarar, turfolk og ikkje minst publikum til ei langhelg spekka med opplevingar og utfordringar i eit av Noregs vakraste naturområde.

Dyktige instruktørar held kurs og clinics innan klatring, kajakkpadling, elvepadling, sykling, SUP, ski/brett og tryggleik. Du kan delta på korte og lenger toppturar og du kan melde deg på Folven River Race i Stryneelva! I tillegg blir det sosiale aktivitetar og ein solid fest på Folven Camping!

Strynefestivalen vert arrangert av Fri Flyt sine magasin: Fri Flyt, UTE, Klatring, Terrengsykkel og Landevei.

strynefestivalen.no

Vis arrangement →

Familiegudsteneste
apr.
6.

Familiegudsteneste

Gudsteneste saman med søndagsskulen. Tårnagentane er med!

Dato: 06.04.2025
Sted: Oppstryn kyrkje
Tid: kl. 11:00
Prekentekst: Joh 6,24-36
Prest: Henny Marie Koppen
Organist: Anders Viktor Kvile

Vis arrangement →
Teater: Vestlandet
apr.
4.

Teater: Vestlandet

Forfattaren Erlend og bildekunstnaren og idesprutaren Yngve køyrer vestlandet rundt i ein nikotingul Toyota Camry. Dei trassar uvêr, ras og stengde tunnelar på ein fuktig tripp gjennom Vestlandets dramatiske natur.

Gå på «Vestlandet» og støtt ditt eige grendehus! Grendehusturneen er støtta av SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Grendehusa beheld alle billettinntektene, og teateret blir kompensert av eit billettfond sponsa av banken. Publikum har kome med fantastiske tilbakemeldingar etter å ha sett framsyninga! Framsyninga kjem til oss 4. april! Kjøp billett her eller i døra!

Som leiemotiv har dei Anders Lysne, bondeopprøraren og vegbyggaren frå Lærdal, som vart halshogd i Bergen i 1803. Dei har eigenhendig stole skallen hans, og no vil dei bringe han heim. På vegen møter dei både levande og døde, spelemenn, separatistar og tobakksbønder, og blir forfølgd av skumle embedsmenn frå Austlandet.

Det er ikkje fritt for at det doggar på brillene i denne nærsynte hyllinga av – og harselasen med – det vestlandske sinnelaget. Draum og røyndom glir over i kvarandre i ein hysterisk heisatur gjennom språk og landskap.

Både lesarar og kritikarar var vilt begeistra då Vestlandet av Erlend O. Nødtvedt kom i 2017, og boka har fått kultstatus.

Sagt om boka:

Vestlandet blir aldri det same etter dette – NRK
Et surrealistisk univers med Twin Peaks-assosiasjoner
– BT
Fjorårets morsomste roman – Civita
Vestlandet er sterkt å anbefale for alle dem som liker vill og utemmet litteratur – BT

Kunstnarleg lag

Forfattar: Erlend O. Nødtvedt
Dramatisert av: Eirik Fauske
Regissør: Eirik Fauske
Scenograf og kostymedesignar: Mari Lotherington
Assisterande scenograf og kostymedesignar Thale Kvam Olsen
Lysdesignar: Eirik Brenne Torsethaugen
Medverkande: Harald Ottesen Nødtvedt, Kyrre Eikås Ottersen og Madalena Sousa Helly-Hansen

Vis arrangement →
Bondepub
mars
29.

Bondepub

Laurdag 29.03 blir det bondepub med medlemsmøte frå 20-21 der blir det info frå bondelaget og quiz.

Etter 21 blir det pizzabuffé for alle, både bønder og andre folk!

Arr: Oppstryn Bondelag

Vis arrangement →
Allje mot Allje
mars
15.

Allje mot Allje

Ei god blanding, inspirert av TV konsept som Alle mot 1, Kongen Befaler, Norges Dummeste, og Sistemann ut.

Kan ein gå baklengs til Segestad? Kor mykje kan ein lyfte i ei treningsøkt i idrettshuset, er Stig god på skiskyting, er det keiko eller Per Tunold som flyt i Oppstrynsvatnet?

Alt dette og meir til skal ein kanskje finne ut denne kvelden.

  • Maks 6 personar per lag

  • Ope for alle

  • 30,- per person

  • Påmelding til 90116071

Vis arrangement →
Teater: Hanna Hakjetida
mars
1.

Teater: Hanna Hakjetida

Oppstryn Ungdomslag presenterer barneteateret “Hanna Hakjetida”.

Flinke lokale barn og ungdommar har i vinter øvd inn eit teaterstykke skrive av Ingunn Andreassen.

Stad: Oppstryn Grendahus

Billett:
Born t.o.m 7 klasse gratis
Andre 100,-

Vis arrangement →
Gudsteneste
feb.
16.

Gudsteneste

Dato: 16.02.2025
Sted: Oppstryn kyrkje
Tid: kl. 11:00
Tittel: Gudsteneste med dåp
Prekentekst: Matt 13,24-30
Prest: Henny Marie Koppen
Organist: Anders Viktor Kvile

Vis arrangement →