Fossekallen 4H

Fossekallen 4H har lange tradisjonar i Oppstryn, og er ein av dei eldre 4H klubbane i Noreg. Fossekallen 4H feira 60 år i 2023!

Kontaktpersonar: Anne Jorunn Brekke og Ingvild Berge

Vi har ulike aktivitetar gjennom året, som t.d. akedag, skidag, dropskoking, overnatting i telt, hengekøyer eller anna, alt etter kva medlemmane ynskjer. Medlemmane vel eit prosjekt utfrå eige ynskje og interesse som dei jobbar med gjennom året. Vi har medlemsmøter og Haustfest kvar haust der medlemmane viser fram prosjekta dei har jobba med gjennom året.

Om 4H

“4H er ein medlemsstyrt organisasjon. Her er det medlemmane som avgjer. Gjer meir av det du likar best.

4H Norge er ein stor og aktiv organisasjon med over 11 000 medlemmar fordelt på ca. 550 4H-klubbar over heile landet. Medlemsalderen er 10-26 år. I 4H får medlemmane moglegheit til å utvikle seg sjølve, og vere del av et sosialt fellesskap der alle har omsorg for hverandre. Det er ikkje spesielle krav for å bli medlem.

Som medlem i 4H vel du sjølv hva du vil lære meir om, og kva kurs og arrangement du ynskjer å delta på. Her er alt fra leirar, organisasjonskurs og fagkurs.

Formålet er å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneskje.

Mottoet er “å lære ved å gjere.”

4H er styrt av eit medlemsstyre, men har to vaksne rådgjevarar som de kan kontakte om du vil bli med!

Les meir om 4H

Klubbrådgjevar A: Anne Jorunn Brekke, tlf 91319498
Klubbrådgjevar B: Ingvild Berge, tlf 99036070

Presseomtale