- Tanken var at bygdefolk skulle bli kjende med ukrainarane som bur i bygda
Sist helg var det mogeleg for innbyggjarar i Oppstryn og ukrainarar å bli betre kjende. Arrangementet var i regi av Oppstryn Bygdekvinnelag.
– Tanken var at bygdefolk skulle bli kjende med ukrainarane som bur i bygda, og smake på ukrainsk mat. Dei fire damene laga mykje mat! Oppstryn bygdekvinnelag betalte for ingrediensane. Det kom om lag 80 personar, vaksne og born, og alle fekk mat, seier Bjørg Ladehaug i bygdekvinnelaget.