Tur til Glomnesfossen og Hellskora

Grønt turmerke - Enkel tur

Turen til Hellskora er eit flott alternativ for dei som tykkjer det blir for langt og tungt å gå heilt opp til fjellgarden Segestad.

  • Gradering: Enkel tur. Litt ujamt underlag med stein og trerøter.

  • Lengd: 1,2km ein veg.

  • Høgdemeter: 100

  • Tidsbruk: 1,5 timar t/r.

  • Sesong: Vår - haust

  • Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen som ligg ca. 200 meter frå Glomnestunet. Hugs å betale avgift!

  • Merk: Gå ikkje for langt ut på kanten ved Hellskora.

Glomnesfossen

Turbeskrivelse

Turen til Hellskora er eit flott alternativ for dei som tykkjer det blir for langt og tungt å gå heilt opp til fjellgarden Segestad. Hellskora ligg berre 130 moh. Frå parkeringsplassen ved Glomnes er avstanden 1,2 km. Avstikkaren til utsiktspunktet mot Glomnesfossen (95 moh.) er 300 meter. Du bør berekne 1 ½ time på heile turen.

Du kan parkere på parkeringsplass 200 meter frå Glomnestunet mot avgift.

Du går langs den private vegen gjennom Glomnestunet og kryssar brua over Glomsdøla. Vidare følgjer du bilveg som svingar 90 grader mot høgre opp ein bratt bakke.

Når du passerer tre hytter (Glomnes feriehytter), er det slutt på bilvegen, men det går sti vidare opp ein ny bratt bakke. Du kjem opp på ei flate der stien deler seg. Her kan du velje om du vil gå direkte mot Hellskora/Segestad eller om du vil gå til utsiktspunktet mot Glomnesfossen. Det siste er å anbefale dersom du ikkje har vore der før!

Det er i seinare år bygd ei lita demning under fossen. Vatnet vert leia ned til eit minikraftverk.

Frå utsiktspunktet mot fossen kan du ta ein snarveg mot stien til Hellskora/Segestad. Sjå kartet.

Vegen vidare er heller bratt og underlaget er ujamt, men med godt skotøy går det nok bra.

Hellskora er eit imponerande utsiktspunkt som viser Oppstrynsvatnet omkransa av høge fjell og brear. Gå ikkje for langt ut på kanten.

Kart over tur til Glomnesfossen og Hellskora