Open gard og fjøsopning på Hjelle! Stad: Hjellevegen 355, 6798 Hjelledalen
Program
11:00 Garden opnar
12:00 Fjøsopning
14:00 Filmpremiere. Musikalske innslag frå Fjelljom. Bjørnis.
17:00 Slutt
Aktivitetar
Barneområde
Tradisjonshandverk
Dyreområde
Kafe
Lokalmattorg
Omvisning i nytt og moderne lausdriftsfjøs
Arr: Oppstryn Bondelag
Informasjon frå Oppstryn Bygdekvinnelag
Nortura stiller med grillmat, og Bygdekvinnelaget syter for kaffi og kaker. Det blir sal av maten med desse prisane: Kaffi 10, kake 20, burger 50, pølse 30. Saft er gratis. Oppstryn bygdekvinnelag får inntekta av salet.
Bondelaget kjøper inn det som trengs av papptallerkar m.m. og Ungdomslaget set opp teltet der vi skal halde til. Fjøsopninga er kl. 11.00, men det held at ein møter då. Det er gudsteneste i Bombeneset kl. 11, så dei som skal dit kjem etterpå.
Bygdekvinnelaget treng folk til å selje, og kaker (helst platekaker). Meld frå til Bjørg (48004061) snarast eller innan den 20. august kven som kan selje og bake. Det kjem 3 eller 4 kaker frå dei som sit i styret.