Tilbake til alle arrangementer

MediYoga-kurs, del 4

MEDIYOGA - for større indre ro, ein smidigare kropp og eit klarare sinn.

MEDIYOGA er ei moderne, terapeutisk yogaform som passar for alle. Den er forskningsbasert og utvikla i samarbeid med helsevesenet, med formål å helbrede dei grunnleggjande årsakene til plager og sjukdom.

I MediYoga kombinerer ein eldgammal visdom med nyare medisinsk vitskap.

MediYoga (MY) består av mjuke fysiske øvingar, pusteteknikkar, meditasjon og avspenning. Det er ein heilheitleg teknikk som påvirkar heile mennesket, både på det fysiske, mentale og emosjonelle plan.

Sjølv om denne yogaforma har ei varsom framtoning, arbeider den både djupt og kraftfullt.

Vi veit at stress er årsak til mange plager og sjukdomar, og at det er den vanlegaste årsaka til sjukefråvær.

I MY arbeider ein mykje med å ballansere kroppen sitt nervesystem og hormonsystem. Studier viser at MY har stor stressreduserande effekt.

Har du utfordringar som

  • spenningar i hofter, rygg eller nakke

  • kroniske smerter,

  • søvnvanskar

  • angst og uro

  • lite energi

  • høgt blodtrykk

  • m.m.

Då kan MY vere eit veldig nyttig verktøy for deg!

MY har utvikla mange program, også dei som er meir fysisk krevjande. På dette kurset vil eg undervise nokre "grunnleggande" program der du igjennom mjuke fysiske øvingar som du utfører i takt med pusten, meditasjonar og lang avspenning, vil kunne få ein smidigare kropp, eit klarare sinn og finne større ro og kvile.

Det vil også bli litt teori om MY og dei ulike øvingane si virkning på kropp og sinn.

Tenkjer du at du er for gammal eller for stiv og støl til å gjere yoga? Kan du puste kan du gjere yoga! Desse programma kan like gjerne utførast på stol som på matta, og øvingane kan tilpassast deg og dine eventuelle utfordringar. Her har vi ikkje fokus på prestasjon, men øver på å vere tilstades her og no. Ved å lytte innover kan du bedre kjenne kva du treng og kva som gjer deg godt, både i yogaøkta og i kvardagen elles.

Du treng ikkje ha plager for å kome på kurset. MY er også fint for å forebyggje sjukdom. Og kanskje treng du ei verdifull stund for deg sjølv på matta der du kan lande, og lade, i ein travel kvardag?

Stad: Oppstryn Skule, gymsalen.

Tid: 19.sept. 23.sept. 30. sept og 3. okt

Kl. 18.00 - 20.00

Pris: Kr 1550,-

Betalast til konto: 3775.32.51170 eller vipps til 99314482

I kursavgifta ligg der også eit verdibevis på 4 mnd. medlemskap i MEDIYOGA PLAY appen. Der ligg det mange yogaprogram, meditasjonar og guidigar for avspenning m.m. Når du har den kan du enkelt gjere yoga heime.

Ta med yogamatte og eit pledd til avspenninga.

Eg, Bjørg Guddal, er no mykje i Stryn, og ved interesse vil eg gjerne halde droppinn timar seinare. Då vil det vere nyttig å ha teke dette kurset først. Eg har undervist MediYoga sidan 2015. Er utdanna MediYoga lærar- og terapeut. Er sjukepleiar.

Eg har sjølv erfart kor stor betydning MediYoga kan ha for eiga helse, og brenn for at andre skal finne dette enkle og nyttige verktøyet.

For påmelding og evt spørsmål, ta kontakt på tlf: 99314482

Hjarteleg velkomen til kurs!

Forrige
Forrige
30. september

MediYoga-kurs, del 3

Neste
Neste
6. oktober

Gudsteneste i Oppstryn kyrkje